Guds kroppsdeler

Posted: 11/10/2013 by FIH in Uncategorized

Av: Knut Kåre Kirkholm

spoersmaal_flickr_oberazzi_full

Har Gud alle kroppsdelar som eit menneske?

Dette er et spennende spørsmål. Svaret er eit litt typisk for bibelskulelærarar, nemleg «ja» og «nei».

Me kan byrja med «nei-delen»: 

Jesus lærer oss at «Gud er ånd» (Joh 4,24). Det gjer at me ikkje utan vidare kan gå ut frå at han har kroppsdelar og ser ut som eit menneske.

Likevel bruker Bibelen ofte kroppsdelar for å skildra Gud. Me kan lesa om Guds hand/arm, munn, auge osb. Det trur eg er bilettale for å seia at Gud handlar, snakkar, ser osb. Altså ikkje slik at Gud har desse kroppsdelane, men at han gjer ting som desse kroppsdelane er til for å gjera.

«For at me skal kunna sjå Gud, vel han å openberra seg»

Det var «nei-delen» av svaret. Lat oss no gå over til «ja-delen».

Ei særs viktig sanning med Gud er at han openberrar seg. Det vil seia at han syner seg for menneske. Det gjer han ikkje i all si prakt og herlegdom, for ingen kan sjå Gud og leva (2 Mos 33,20). For at me likevel skal kunna sjå han, vel han å openberra seg. 

Når han i Bibelen gjer det, kjem han nær på måtar menneske kan sjå. Somme gonger kom han i eld og skyer, men me les og om gonger der Gud kom i form av eit menneske.

Eit godt eksempel er 1 Mos 18, der Gud kjem på vitjing til Abraham ein varm sommardag. Der sit han i skuggen og et saman med Abraham og fortel at Abraham snart skal få ein son. Vidare fortel han også om at han skal øydeleggja dei syndige byane Sodoma og Gomorra. Her er det liten tvil om at det er Gud, Herren, som kjem til Abraham (1 Mos 18,22-33).

«Jesus kom og levde blant oss som eit menneske med kjøt og blod og alle kroppsdelar»

Så av og til kan me sjå døme på at Gud openberrar seg i menneskeleg form, med alle kroppsdelar.

Dette banar vegen for den viktigaste openberringa av Gud, nemleg Jesus. Kristendommen har ei lære om Gud som seier at han er treeinig – Gud er ein. Men han er også tre personar som ikkje må blandast, men heller ikkje skiljast (Faderen, Sonen og Den Heilage Ande).

Jesus er difor Gud openberra. Maria fødde Gud. Jesus kom og levde blant oss som eit menneske med kjøt og blod og alle kroppsdelar. Då Jesus stod opp frå grava, stod han opp som eit menneske med alle kroppsdelar. Og då Jesus fór opp til himmelen gjorde han det som eit menneske. No er han i himmelen som eit menneske og han skal koma att som eit menneske.

I så måte er det djupast sett rett å seia at Gud har alle kroppsdelar, som eit menneske.

Ill.foto: Oberazzi på flickr

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s